søndag 7. februar 2010

Chrisc Haydom


No har Chrisc Haydom såvidt starta opp. Laurdag var det fotballtrening for smågutar under 12 år. Allereie er ganske mange med!! Kvar trening startar med bønn og avsluttast med Fadervår.


Coach Jared instruerar ein spelar. Her spelar dei med og utan skor..


Jared frå Kenya er sjefen for Chrisc Haydom. Han gjer ein kjempejobb med å engasjere ungane og ungdomane i nabolaget! Her er han saman med Joshua som er for liten til å vere med på treninga, men som har veeeeldig lyst! En framtidig chriscar:)


Det kom to stoore kontainarar med utstyr på Umbro. Både liten og stor fekk store auge når dei såg så mykje flott utstyr. Ballar,leggbeskyttarar, keeperhanskar og ei bråte med fotballed frå Kenyaskor.


Mykje finare skor enn mine egne:)
Vi gler oss til Bildøy kjem for å besøke Chrisc Haydom.

2 kommentarer:

  1. Hei! Me savne deg Marta! Nå reise me te Sirdalen. Me vil sjå meir bilde av Moster Marta på bloggen!

    SvarSlett
  2. Eg savne daakke au!

    SvarSlett