lørdag 30. januar 2010

Bak forhenget paa maternity ward

Det er ikkje ein vanleg fysioterapipraksis vi har her, særleg ikkje etter arbeidstid. Etter at vi hadde fått av oss uniformane og så vidt sett oss ned etter ein lang arbeidsdag, ringte telefonen: Vil de vera med på fødeavdelinga? Dei trong litt hjelp, og jordmora, Gunn, tenkte at det var bra for oss å sjå og vere med, sidan fysioterapeutar ofte kjem i kontakt med mødre med bekkenløysningsproblem. Klart vi ville!


Her er venterommet, bak gardina ligg tre damer som er klare for å føde om kun kort tid. Vi fekk vera med på to fødslar. Ein normal og ein der fostervatnet var misfarga, men det gjekk heldigvis bra. Både Sunniva og Marta lot tårene trille då det fyrste barnet kom ut. Det er eit fantastisk mirakel!


Vi fekk prøve oss litt som jordmodre. Sunniva testar det primitive ultralydapparatet, og på skjermen kan vi sjå to hjarter som bankar. Det er visst tvillingar! Det var også ein liten kakkerlakk som spaserte over ultralydsskjermen for å sjekke at alt var under kontroll.


Her høyrer Marta på fosterlyden. Mora er like gamal som Sunniva og skal ha sitt fjerde barn.


Dette bildet er tatt ca 1 time etter at mora kom på sjukehuset. Etter ein hard jobb med ”hema na sukuma” (=”pust og press”) er alle godt fornøgde. Barnet blei oppkalla etter Marta og skal heite Martin. Stor stas!


Nå er Martin klar for å vegast. Slektningane har vaska han og lagt han til brystet, dei hjelpar til med det meste her.


Her er to søte små frå det litle rommet for barn som er født for tidlig, har litt problem eller der mora er sjuk eller død. Nokre av dei har fått seg strikkaluer som snille strikkakjerringar i Norge har produsert. Vi mata dei litt med mjølk frå eit lite beger.


Her er Sunniva saman med baby Ester, 1260 g, sjekk den litle foten! Ho låg på den premature avdelinga, oppå ei lita varmeflaske.
Vi takkar Gunn for ein fantastisk ettermiddag på fødeavdelinga. Ho er ei dyktig jordmor og ein flink lærar.

mandag 25. januar 2010

Opptakt til Killi

Laurdag morgon klokka 02.45 byrja dagens eventyr. Vi sto opp for å pakke 14 stykk inn i ein liten landcruiser og sette kursen mot Hanang-fjellet. Actionen starta allereie etter 30 minutts køyring. Då vart vi overraska av 2 svææææære flodhestar som vagga i vegkanten. Marta hadde akkurat vore ute på veien, og vart ganske skremt då flodhestane dukka opp like etter!! Det var bekmørkt ute, og det lyna og tordna langt vekke. Plutseleg stoppa sjåføren, fordi grinda på taket løsna.

Men vi kom oss fram til startpunktet og byrja oppstiginga med kvar sin stav i handa i soloppgangen.


Her e fjellet vi skal bestiga


Herleg å få med seg soloppgang i afrika.


Jesuslys:)


To kjerringar med stav. Svett og god:)




Godt med ein liten matpause på vegen.



Her har vi kome over den verste siginga, og kan skimte toppen der framme.


Her går vi på rekke og rad, og den uventa skodda kjem snikande...




Etter 5 flotte timer nådde vi toppen. Men så høyrde vi torden som nærma seg og vi vente nasen nedover.



Det byrja å hølje ned, lyne og tordne rett ovanfor oss. Vi narmst kraup i skjul i ei lita grotte og var ikkje veldig høge i hatten.


Her er Sunniva i finstasen. Selbuvottar, sokker opp til knea, ryggsekk og pappa sin gamle regnkep. Snakk om stil!



Etter alt regnet som kom, måtte dei fram med hakke og spade for å laga ny veg for oss. Det var sorpete og glatt, og alle måtte ut av bilen.

Gratulerer oss selv med ein topp på ca.3500m.o.h. Nå er vi klare for Kilimanjaro i slutten av februar:)

fredag 22. januar 2010

Fysio

No er vi godt i gong med "masoeze" her på Haydom. Her hjelper alle slektningar til, i tillegg skrattler dei når pasientane har vondt og akkar seg, og alle pasientane har fint lite privatliv. I tillegg har ingen på seg undertøy der dei ligg oppi sjukehussengene heller, berre eit laken rundt seg. Tullete!



Vi har mange pasientar som har diagnosen "TBspine". Dei får stå i ståstativ. Denne dama her er heilt utruleg. Her er ho med hjelparen sin, eit av sine 15 barn!!


Marta med ein av sine kompisar som ligg i traksjon. denne karen har brote lårhalsen, og må ligge i senga i 8 veker med eit transjonslodd som dreg i tibia. Pasientane er stort sett berre skinn og bein etter slik behandling. Vi mobiliserar så godt vi kan med bøy, strekk og styrketrening i seng.


Vår gode og rampete venn Selina som følger oss rundt på sjukehuset


Vi vart i ekstase då vi såg at vi hadde TerapiMAster. Men den heng alt for høgt og midt i ein gang, og så har vi ikkje ei einaste slynge! Den blir stort sett brukt til å ta hang-ups. (berre pass dej, Henrik, snart e ej sterkare enn dej!)

søndag 17. januar 2010

Marked

To gonger i månaden er det marked her i byen. Det var ganske så god underholdning! Medan vi var der kom det ein liten virvelvind slik at klede og poser flaug opp i lufta.


Her har Sunniva, Ellinor og Mari leita gjennom ein stor haug med jallakjoler og funne sine utkårede.


Ein afrikaner kledde Marta inn i eit datogastoff.



Etter mange timer på markedet var det godt med ein liten matpause inne i eit speidartelt. Vi åt ris kokt i olje og nokre gode kaker som var steikt i olje. Namnam!


Dette er resulatet etter en lang dag på markeder. Trur kanskje Marta er ein smule meit skitten ein Sunniva...

fredag 15. januar 2010

Livet i bushen

No er vi på plass på Haydom, og kjempar med "nauta" dårleg internettilkobling! Fyste morgon vakna vi til eit lite jordskjelv, seinare på dagen pøsregna det og ein gut i nærleiken vart slått ned av lynet. På sjukehuset har vi for tida 11 pasientar som har vorte angripne av hyener. Vi er verkeleg i bushen no!

Dei fyrste dagane her har vore prega av intensiv Swahililæring, tilvenning til den Afrikanske ventekulturen, sosialisering me andre ansatte, tilvenning til lukt og syn som møter oss på sjukehuset.


Sunniva fysioterapeuterar "geleguten" på Child Care Unit.


Her testar Marta tannlegestolen under vår utforsking av krikar og krokar på sjukehusområdet.


Idag har vi feira 55års-jubileum for sjukehuset. Vi har hatt besøk av samtlige prestar, biskopar, erkebiskopar, ordførar og andre viktige personar. Ingar Kvia kom køyrande med både ein ny traktor og ein lastebil til stor glede for folk. Sunniva fekk danse tradisjonell dans med Iraqw-stammen, kjempekjekt:)


Marta, Ann Terese og Anna prøvar å gli inn blant dei innfødde!


...Å til dej Irene: Fysioterapeuten Henry ekje her lenger, å Azarea reise frå oss neste veke for å studere i Sør-Afrika. Då fe oss styre sjappa åleine enn solenge!

fredag 8. januar 2010

Dar Es Salaam


Her underviser Salamba oss. Han tok like greit 3 timer på 30 min.



Klar for ein varm dukkert i Indian Ocean.



Kontraster i Tanzania…


Vi er leie av å vera klamme og varme (32 grader og stor luftfuktigheit...) og er klare for å reise mot Haydom. No er bussbilletten bestilt og vi reiser vidare kl.6.00 i morgentidlig.

onsdag 6. januar 2010

7 år igjen

På plass i Dar es Salam har Misje og eg moska i veg og fått i orden himmelsengene på romet vårt. Det er akkurat som å vere 7 år igjen; stor stas Misje er nesten usynleg på bildet, det er berre at ho har übertett myggnett, ho skal nemleg ikkje bli stokken av Domyggen Didrik!


Må få rette en stor takk til Kristian GL so oppretta og designa blogg til oss på strekninga Dombås-Gardermoen. Cred til dej å din IPhone:)

EEllers er vi godt i gang med å bli kjent med Afrika, og so far so good. Marta sveittar som ein gris, ellers er alt nzuri sana. Forstå det den som vil. Snejks!