
Her er venterommet, bak gardina ligg tre damer som er klare for å føde om kun kort tid. Vi fekk vera med på to fødslar. Ein normal og ein der fostervatnet var misfarga, men det gjekk heldigvis bra. Både Sunniva og Marta lot tårene trille då det fyrste barnet kom ut. Det er eit fantastisk mirakel!

Vi fekk prøve oss litt som jordmodre. Sunniva testar det primitive ultralydapparatet, og på skjermen kan vi sjå to hjarter som bankar. Det er visst tvillingar! Det var også ein liten kakkerlakk som spaserte over ultralydsskjermen for å sjekke at alt var under kontroll.

Her høyrer Marta på fosterlyden. Mora er like gamal som Sunniva og skal ha sitt fjerde barn.

Dette bildet er tatt ca 1 time etter at mora kom på sjukehuset. Etter ein hard jobb med ”hema na sukuma” (=”pust og press”) er alle godt fornøgde. Barnet blei oppkalla etter Marta og skal heite Martin. Stor stas!

Nå er Martin klar for å vegast. Slektningane har vaska han og lagt han til brystet, dei hjelpar til med det meste her.

Her er to søte små frå det litle rommet for barn som er født for tidlig, har litt problem eller der mora er sjuk eller død. Nokre av dei har fått seg strikkaluer som snille strikkakjerringar i Norge har produsert. Vi mata dei litt med mjølk frå eit lite beger.

Her er Sunniva saman med baby Ester, 1260 g, sjekk den litle foten! Ho låg på den premature avdelinga, oppå ei lita varmeflaske.
Vi takkar Gunn for ein fantastisk ettermiddag på fødeavdelinga. Ho er ei dyktig jordmor og ein flink lærar.
Åh, so fantastisk! Dokke he jo den drømmepraksisen:)
SvarSlettHa en god søndag,
Silje
Dåke får oppleve litt av kvart der nede :D Det virker jo kjempekjekt! Håper alt er bra med dåke, men me savner deg Marta i bibelgruppa og på søndagsskulen :)
SvarSlettEi lita helsing frå det snøfylte Norge med klem frå Ingrid Marie :)
Hei Sunniva... ei helsing frå vinternorge - masse snøv i Ulsteinvik. Mormor og morfar er på besøk med oss i Pålvegen 7 - skal drikke kaffi, ete vaffelkaker og kose oss. :)
SvarSlettHåper alt står berre bra til med deg - dokke i Afrika. Tante Bjørg e litt misunnelig - kunne tenkt med en tur til Afrika.. Mormor og morfar følger med på bloggen - så du må ver flink å legge ut info og holde dei oppdaterte... kos dokke og ha det bra!
Ååå, kose meg med å følga med på bloggen!
SvarSlettFantastisk alt det dokke får oppleva:)
Kjekt å høyre frå dokke.Skjønar at dokke har ein flott praksis. mamma er missunnnnnnneleg. Ho kjem vel snart på besøk.
SvarSlettHelsing papps
Kjekt å følje med dokke!
SvarSlettmami
Nå er det rett før di gamle (moster Hanna og tante Asta, begge 93 år) skaffe seg internett for å kunne følga med på bloggen.
SvarSlettMARTA!!! Blei han litle gutten oppkalte DEG Marta? I såfall, konge!:) Lett at æg ao sko våre md dokke altså. Dokke får oppleva møje altså, heldiggrisa;) hehe.. klem frå Marthemor
SvarSlett