
Her er venterommet, bak gardina ligg tre damer som er klare for å føde om kun kort tid. Vi fekk vera med på to fødslar. Ein normal og ein der fostervatnet var misfarga, men det gjekk heldigvis bra. Både Sunniva og Marta lot tårene trille då det fyrste barnet kom ut. Det er eit fantastisk mirakel!

Vi fekk prøve oss litt som jordmodre. Sunniva testar det primitive ultralydapparatet, og på skjermen kan vi sjå to hjarter som bankar. Det er visst tvillingar! Det var også ein liten kakkerlakk som spaserte over ultralydsskjermen for å sjekke at alt var under kontroll.

Her høyrer Marta på fosterlyden. Mora er like gamal som Sunniva og skal ha sitt fjerde barn.

Dette bildet er tatt ca 1 time etter at mora kom på sjukehuset. Etter ein hard jobb med ”hema na sukuma” (=”pust og press”) er alle godt fornøgde. Barnet blei oppkalla etter Marta og skal heite Martin. Stor stas!

Nå er Martin klar for å vegast. Slektningane har vaska han og lagt han til brystet, dei hjelpar til med det meste her.

Her er to søte små frå det litle rommet for barn som er født for tidlig, har litt problem eller der mora er sjuk eller død. Nokre av dei har fått seg strikkaluer som snille strikkakjerringar i Norge har produsert. Vi mata dei litt med mjølk frå eit lite beger.

Her er Sunniva saman med baby Ester, 1260 g, sjekk den litle foten! Ho låg på den premature avdelinga, oppå ei lita varmeflaske.
Vi takkar Gunn for ein fantastisk ettermiddag på fødeavdelinga. Ho er ei dyktig jordmor og ein flink lærar.